Logga in

Kontaktinformation

Opplever du feil eller manglar kontakt Ål Servicetorg E-post: [email protected] (Kvardagar kl 09.00- kl 15.00).

Bokning

Tidsluckor
Inga tider denna dag

Endast för andelsägare

Om du bokar för andelsägarens räkning, ange andelsägarens uppgifter i din bokning.

Prisgaranti

Skulle denna leverantör vara billigare någon annanstans, hör av dig. Vi återbetalar depositionen!

Badstove Oppsjø Vasspark


Badstova (saunaen) ligg ved Ål idrettspark nærare bestemt mellom Bråta og Oppsjø Næringspark. Det er mogeleg å parkere på Bråta (adresse: Ål Idrettspark 1). Det er ca 500m å gå frå parkeringa, og på vinterstid må ein gå i skiløypa.

NB: Merk at badstova ikkje er varm ved ankomst. Oppvarmingstid er ca. 30 min. Oppvarming er medrekna i bookingtida.

For å få tilgang til badstova må ein booke tid, deretter får du tilsendt adgangs-kode på mail og sms i forkant av bestillinga.

Det er plass til ca 8 personar i badstova.

Ei hyggeleg oppleving i badstova startar med god hygiene. Vennlegast vær rein før du kjem, og bruk alltid eit handkle når du sit. Etter bruk, vennlegast rydd opp og tørk golva for vatn og sand. Ved overdriven tilgrising vil det bli fakturert eit reingjeringsgebyr på kr. 950,-.

Det er mogleg å skifte utanfor badstova (sjå vedlegg). Ikkje skift i badstova. Sørg for å ta med badetøy, handkle og vatn å drikke. Hugs at all bading skjer på eigen risiko.

NB: Dersom de ynskjer å isbade skjer dette på eige ansvar, og de må sjølv ta med utstyr for å få hol på isen.

 

Pakkeliste til badstova

Hugs badetøy.
Ta med 2 handkle, eit til å sitte på (obligatorisk) og eit til å tørke deg med.
Sandalar eller badesko.
Pose til vått badetøy.
Drikkeflaske.
Smykker og briller blir varme i badstova. Me rådar dykk til å ta dei av.

 

Badstovevettreglar

Venlegast vær rein før du går i badstova.
Sitt på handkle i badstova.
All bading og bruk av badstova skjer på eige ansvar. Ikkje svømm aleine/usett.
Ver oppmerksam på at det kan vere glatte golv både ute   og inne.
Ta omsyn til andre, hald lydnivået nede i badstova.
Spør før du heller på vatn på omnen.
Ikkje bruk duftoljer eller kroppsskrubb i badstova.
Barn under 18 år må komme i følge med foresatt.
Føler du deg ukomfortabel, svimmel eller søvnig – forlat badstova straks.
Røyking er forbode. Ingen mat og snus i badstova.
Det er ikkje lov å nyte alkohol på badeplassen og i badstova.

Pust ut, ro ned og nyt

Ved å booke dette produktet aksepterer du reglane for å bruke badstova.

Erbjudanden

Ytterligare information


Hyresvärden kräver att du har läst och godkänt villkoren innan begäran kan skickas


Lägg till recension

Lämna ett svar