Treningsrommet finn du i Eidfjordhallen. Rommet er tilgjengelig for brukarar over 18 år, med unntak av ungdom over 15 år som er sertifisert til bruk av utstyret via styrketreningskurs. Det vert halde sertifiseringskurs 1 – 2 gongar i året.
Du må ha gyldig treningskort for treningsrommet for å kunna nytta det. Kort kjøper du i resepsjonen på kommunehuset i opningstida til kommunehuset, 09 – 15 på kvardagar.
Me ber om at dei som nyttar rommet tar omsyn til at skulen har undervisning i salen ved sida av og at det ikkje vert spelt høg musikk i undervisningstida.
Alle som nyttar treningsrommet må tørka av utstyr etter bruk og rydda på plass etter seg.
For at alle som vil skal få mulighet til å bruka rommet kan du maks bestille 1,5 time treningstid pr. dag, det kan vera intil 4 personar i rommet samstundes.
Opningstider for treningsrommet
Kvar dag 05:00 – 23:00
Rommet kan verta stengt ved større arrangement i Eidfjordhallen
Prisar
Treningsrommet har eiga fb-gruppe der det vert delt informasjon som er aktuell for brukarane. Det heng QR kode i treningsrommet, be om å bli medlem.
Kontaktpersonar
Anita Sæbø Myklatun er superbrukar i treningsrommet og har jamnleg tilsyn.
Bergljot Maria Veivåg Hauso er kontaktperson for kommunen
Lämna ett svar
Du måste vara inloggad för att skriva en kommentar.